100 møtte opp for å bli inspirert.

Gloppen Hotell har satsa på kortreist og rein mat dei siste åra. – Vi tykkjer det er spennande å kunne ta dette eit steg vidare. Difor arrangerer vi Gloppen Inspirasjon, seier Lindy Paulen. Her i lag med foredragshaldar
og konferansier, Inger Grefstad og tre av deltakarane. Frå venstre: Eli-Anne Birkelund, Heidi Aabrekk, Inger Grefstad, Lindy Paulen og Lars Bjarte Osland.

Kring 100 personar møtte opp for å bli inspirert under arrangementet Gloppen Inspirasjon laurdag. – Vi er svært godt nøgde med både oppmøtet og gjennomføringa. Dette har vore ein lærerik og kjekk dag, seier Lindy Paulen, marknadsansvarleg på Gloppen Hotell.

F.T.: Inger H. Aske Lothe Gloppen Inspirasjon er hotellet si nye storsatsing denne hausten. Lindy Paulen hadde laurdag henta inn fleire kjende foredragshaldarar som snakka om helse, kosthald, trening, vinnarmentalitet, glød og moro. Deltakarane fekk også nyte godbitar frå lunsjbuffeen som kjøkkensjef Bodil Fjellestad hadde laga til. Gode tilbakemeldingar

– Det er første gongen at hotellet skipar til eit slikt arrangement. Målet har vore å lage eit lystbetont kick-off der deltakarane kan hente inspirasjon og lure tips til god helse og ein gladare kvardag. I fleire år har vi her ved hotellet satsa på å lage mat basert på gode, lokale råvarer. No er vi med i prosjektet samfunnsansvarleg næringsliv, der helse er eitt av punkta vi skal jobbe med. Det er bakgrunnen for at vi set fokus på kosthald og helse under Gloppen Inspirasjon. Vi håpar at dette kan bli eit fast arrangement framover med helse og motivasjon som gjennomgangstema, fortel Lindy Paulen. Ho fekk mange gode tilbakemelding frå deltakarane laurdag.

– Mange fekk nyttige tips som dei kan bruke i kvardagen. Her var deltakarar frå både Måløy, Florø, Eid, Jølster og Selje. Ei gruppe frå Bergen var også til stades, men dei aller fleste var frå Gloppen, seier ho. Gryande interesse Eli-Anne Sandal Birkelund var ein av deltakarane som hadde funne vegen til hotellet denne laurdagen. – Det var Berit Nordstrand sitt foredrag som fanga merksemda mi på førehand. Det såg spennande ut. Hovudsakleg var det ho eg kom for å høyre på. Bakgrunnen er ei gryande interesse for kosthald. Denne interessa har kome i det siste, ikkje minst etter at eg vart mor. Det har gått opp for meg kor viktig det er å ha eit medvite forhold til kva vi puttar i munnen, og det verkar veldig fornuftig det ho seier, fortel Birkelund.

– Får meir overskot Heidi Aabrekk er svært opptatt av sunt kosthald. – Eg merkar sjølv at ved å ete sunt får eg mykje meir overskot. Eg hadde lese litt om Berit Nordstrand på førehand, og tykkjer det var veldig kjekt å høyre på foredraget hennar. Ho fortalde at maten har mykje å seie for helsa vår, både fysisk og psykisk, og eg fekk ny og betre forståing for dette. For vaksne er det ofte overskot og helse det handlar om. Sjølv er eg mest opptatt av verknaden for born – at maten er med på å fremje læring og utvikling, seier ho. Aabrekk reiser rundt og held kurs for barnehagar i tidleg språkstimulering, fysisk aktivitet og bruk av Bravoleiken. – Som ein del av kurset har eg alltid ei økt som handlar om sunn mat, og eg ser at det er eit stort engasjement for emnet. Det var kjekt å sjå at det kom så mange i helga. Det er flott at engasjementet også er stort i Gloppen. Eg håpar på feire slike fordrag her, samt at dette etter kvart kan vise att på matbordet til både familiar, barnehagar og skular i kommunen.

Små endringar i kosthaldet kan gje store konsekvensar, understrekar ho. Underviser i mat og helse Fire menn var med på Gloppen Inspirasjon laurdag. Lars Bjarte Osland var ein av desse. – Eg er litt opptatt av kosthald, og underviser i mat og helse ved Hyen skule. Difor var det i utgangspunktet foredraget til Berit Nordstrand eg kom for å høyre. Eg visste at ho var dyktig og inspirerande. Det er stas når ein får vere med på ein slik inspirasjonsdag i Gloppen med tre foredrag og ein god lunsj. Maten var veldig god, og det var kjekt å kunne smake på det vi hadde høyrt om. Menyen høvde til foredraget hennar, så dette var veldig bra gjennomført, seier han. Fordraget til Inger Grefstad handla mellom anna om fargar knytt til personlegdom. Det var meir jordnært enn eg hadde venta. Alt i alt vart dette ein spennande dag, seier han. – Var dette noko for menn? – Ja, eg hadde i alle høve godt utbytte av foredraga. Menn var nok ikkje hovudmålgruppa for dette arrangementet. Det viste også att i benkeradene, men dette var interessante tema for alle, seier han.


Berit Nordstrand inspirerte mange av dei frammøtte med sitt foredrag.

Små grep gjev stor effekt

– Små matgrep kan gje stor effekt. For mange handlar dette om å tenkje litt nytt, og effekten får ein etter få dagar. Sunn og god mat gjev oss auka livskvalitet. I tillegg er det viktig å understreke at det aldri er for seint å begynne, seier Berit Nordstrand. Seksbarnsmora har jobba som lege i 21 år og er lidenskapeleg opptatt av at vi skal ete slik at vi har overskot til livet. Ho er ein mykje brukt kosthaldsekspert i media og gav nyleg ut boka ”Mat med mer” – om kvardagsmat for glede, overskot og helse. – Vi må sikre kroppen dei byggjeklossane han treng gjennom maten, understreka ho i fordraget sitt laurdag.


Ho var opptatt av at vi skal velje reine, naturlege råvarer med så mange intakte byggjeklossar som mogleg. Vi må lage mat som gjev cellefabrikkane akkurat det dei treng slik at vi får meir energi og overskot, betre nattesøvn, konsentrasjon, humør og helse. Tips i kvardagen Grønsaker: Tre hender full av grønsaker (100-150 g) i fleire fargar, og alltid ein grønfarge, helst til kvart måltid. Frukt og bær: To-tre hender (100-150 g) bær og frukt kvar dag, i alle regnbogens fargar. Fisk og sjømat: Feit fisk til middag minst to gonger i veka, og mager fisk og sjømat minst ein gong. Gjerne fiskepålegg i tillegg.


Egg og meieri: Eitt egg kvar dag og skånsamt bearbeidde meieriprodukt: syrna mjølkeprodukt og yoghurt naturell, harde, gule ostar, ekte gamaldags smør og rømme. Reint kjøt: om lag 300-500 gram reint kjøtt kvar veke. Tenk tre middagar a 100 gram, kvitt, raudt og vilt. Korn: Vel fullkorn for å få næring frå kim og kli. Feitt, oljar, nøtter og frø: meir omega-3 og omega-9, samt mindre omega-6. Blanda, usalta, rå nøtter og frø, 20-30 gram dagleg. Kveldskos og nyting: mørk sjokolade over 80 prosent, 20-30 gram dagleg. Dadlar, fiken, tørka aprikos og kokos. Ei lita skei honning/lønnesirup. Elles: bruk mange ulike urter og krydder. Drikk herleg, reint vatn som tørstedrikk – minst 1,5 liter per dag. Nyt grøn te og urtete.